iknowthatmagazine.com

DAGENS HÅR: flettefrisyre til dåpsfest eller bryllup!

Verdas beste Felix vart døypt idag, og tante AG var stolt gjest. Sida vi snakkar 5-10 kg til eg kjem meg i bunaden (glei rett i den på jenta vår sin navnefest 3 månadar etter fødsel, though.. What the hell happened?!?) måtte vi ty til det som hang i skapet.

Sida det er midtsommar falt valet på eit sommarleg og feminint antrekk. Eg leita fram ein babyrosa (ja, veit, den skulle vel vore babyblå om det skulle vere full match) og florlett sommarkjole i tynt bomullstoff. Eigentleg ein «simpel» kjole, men med det fjonge skjørtet som er kort framme og golvlangt bak gjer den likevel nok ut av seg. Då eg ikkje er komfortabel med overarmane bare, blei det ein like «simpel» kvit bomullscardigan over. Fest ein fin blomst på eine sida fast i cardiganen og kjolen, so heldt cardiganen seg litt anstendig på plass. Dette er typen hårspenne med sikkerhetsnål so du kan bruke den både i hår og som her, på eit klesplagg.

Kjole frå Ellos, cardigan frå Cubus og pynteblomst frå HM.

Jepp, det var vel egentlig det! Hadde nokre enkle sølvsandalar i kyrkja, men bytta til litt meir comfy fottøy i festlokalet.

Håret mitt er for tida relativt kort, dekkjer akkurat nakken. Eg preppa det godt med masse hårskum før eg føna det, og hadde oppi hårpudder for å skape volum og litt meir «fasthet» i det, sida det er fiiiine og tynne hårstrå. Fletta halv fiskebeinsflette på kvar side som endå bakom øyret og som eg festa med fliseklemmer. Resterande hårtustar tvinna eg tilfeldig og festa også med fliseklemmer. Stappa oppi to kvite pynteroser og voila – good to go!

"Halv" fiskebeinsflette, litt tvinna hårtustar og hårspenner. Treng ein meir?

«Halv» fiskebeinsflette, litt tvinna hårtustar og hårspenner. Treng ein meir?

 

(Bilda er tekne om kvelden, etter festen, so ingen make up bilder denne gongen – den var nemleg forsvunnen i rørte tårer, gledestårer og lattertårer! 🙂

Les mer fra AG HER!

Comments

comments

12 Comments

  1. Lin

    juli 1, 2013 at 18:34

    kjempefin du var Ag!
    Er så lekkert med sånne enkle fletteoppsatser i håret.
    Synnøve Solbakken Stakk ( Bunad ) er fint til masse det,men er da spesielt deilig å kunne velge et så enkelt ,lekkert antrekk til en midsommer dåp?

    • Ag

      juli 2, 2013 at 19:47

      Takk Lin 🙂
      Jo greit med lett og sommarleg antrekk, men skulle helst sett at eg fekk brukt bunaden min ein sånn dag. Er stolt av min vakre Nordfjord-bunad og elska å gå i den 🙂

      • Lin

        juli 3, 2013 at 20:41

        Enig med deg AG eg elsker bundane min ( fra Hardanger ),men syns du var så fin 😉

        • Lin

          juli 3, 2013 at 20:42

          Bunad heter det vel 😛

  2. Ruth

    juli 1, 2013 at 21:55

    Så fin, atte! Skulle jo nesten tro du var klar for bryllup! 😉

    Er så misunnelig på alle som kan å lage fletter.

    • Ag

      juli 2, 2013 at 19:49

      Takkar og bukkar. Kunne sikkert vore gjest i eit hagebrullaup med antrekket ja. Eg er ikkje so god på å flette meg sjølv men lagar litt ymse kreasjonar på Lola og venninner. (No har Lola forøvrig heilt kortklipt bob so det blir lite med fletter ;-))

  3. Maria Terzan

    juli 2, 2013 at 05:14

    Kjempefint! 🙂

    • Ag

      juli 2, 2013 at 19:50

      Takk for det, Maria 🙂

  4. Tove Eggen

    juli 2, 2013 at 05:16

    Eeeelsker denne frisyren! Instant-glamification delux ;)Og forresten…sjaaluuuu! Du bor jo nærmere vannet enn meg!

    • Ag

      juli 2, 2013 at 19:53

      Ja syns den er søt, og enkel å få til. Litt sånn tilfeldig (som den også er).
      Ja det er deilig å bu heilt ved kysten, springe rett ned på 10 sekund og ta «bomba» rett utfor og i det iiiiiskalde og deilige «vannet» a.k.a Stadthavet 😉

  5. Sonja Durand

    juli 2, 2013 at 12:43

    Kjempefint!

    • Ag

      juli 2, 2013 at 19:53

      Tusen takk, Sonja!

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.