iknowthatmagazine.com

BOKSERIE ANBEFALAST: Jussi Adler-Olsen og Avdeling Q.

Innimellom bloggar, aviser, iknowthatmagzine og livet generelt, er det deilig å kose seg med ei skikkelig god bok. Bøker skal vere ei oppleving, dei skal røre, engasjere, provosere og gjerne la lesaren sitje igjen med ei god kjensle av å ha brukt tida si godt.

DSC_0012

Bøker passar til alle anledningar og årstider. Nokre les bøker om vinteren, i påska, på ferie, om hausten når stormane susar utforbi. Eller vi har gjerne ei bok liggjande på nattbordet og får ei lita, jamn dose heile tida. Personleg tykkjer eg det er deilig å lese bøker om sommaren. Ligge i solstolen, på trampolina til vesla, på verandaen eller i lavvoen på campingtur og forsvinne inn i ei spennande historie for ein time eller to.

Bokserien om etterforskar Carl Mørck og Avdeling Q som er skrivne av den danske forfattaren Jussi Adler-Olsen oppdaga eg i vår, og eg slukte dei fire første bøkene i ein fei. Om du likar krim, spenning, humor og herlige personlegheiter anbefalar eg desse på det varmaste. Bøkene er som ein slags «Cold case»-serie (du veit, den på TvNorge) i bokform der den rustne og gammalsexy etterforskaren (ser her for meg sjarmerande Kim Bodnia som Carl Mørck, etter å ha sett den dansk-svenske krimserien «Broen») saman med sin litt forvirra og mystiske assistent Assad bles støv av gamle, uoppklarte saker. Samstundes følgjer vi etterforskar Carl Mørck gjennom kvardagen sine gleder og sorger. Eit ikkje ukjent konsept, langt i frå, men vel verd å lese. Dette er typen bøker du slit med å leggje ifrå deg, det gjorde i alle fall eg! Dei første fire bøkene; «Kvinnen i buret», «Fasandreperne», «Flaskepost fra P» og «Journal 64» er i handelen for lengst som pocket (som elikar best), mens den femte boka «Marco-effekten» også er i salg, dog innbunden. 

Skal du lese ein bokserie i sommar – les denne!

Anna fin sommarlektyre eg anbefalar er:

DSC_0013

  • Stormfulle høyder av Emily Brontë – ein vakker og tragisk kjærleiksklassikar, med gammal og nydeleg skrivestil.
  • Rebecca av av Daphne Du Maurier – endå ein gammal klassikar med både spenning og kjærleik (ein god kombo, med andre ord).
  • Dracula av Bram Stoker – den originale. (Sær boksjanger, seier du? Nei, seier egGamle, tragisk-romantiske bøker skal ikkje undervurderast. Det er jo ein grunn til at dei nettopp er blitt klassikarar! Kan ta med Frankenstein av Mary Shelley med det samme igrunnen…).
  • Elleve minutter av Paulo Coelho – ein dristig roman om kjærleik og sex og alt som følgjer med. Anbefalar dei fleste Paulo Coelho-bøkene, i allefall om du er litt filosifisk og drøymande anlagt og likar å sitje igjen med «aha – so det er also meininga med livet»-kjensle!

Men, sjølvsagt er det aller beste du kan lese i sommar IknowthatMagazine.com med nye og flotte artiklar før du får sukk for deg! God lesesommar!

 

HAR DU TENKT Å LESE BØKER I FERIEN? KVA BOK/BØKER VIL DU ANBEFALE TIL ANDRE? 

 

 

Comments

comments

8 Comments

  1. Lin

    juni 10, 2013 at 11:48

    så masse kule forslag!!! Kalde spor på nrk med Trevor Eve er jo en klassiker….me luvs him <3

    Eg elsker bøker!!! Når eg var liten kom eg hjem fra biblioteket med 20!! bøker og lange armer og leste og leste og leste.
    Leste min første astrologibok som 10 åring!!!

    Leser nå Dan Browns siste bok-Inferno-spennende som alltid og for de av dere som liker historie og tvister i plottet….jepp this is for you!

    Ellers skal Beautiful Creatures til pers-hele serien – sommer……….og ellers annet som eg finner på veien -må alltid ha etpar 3 bøker samtidig

    • Ag

      juni 10, 2013 at 21:53

      Er den siste Dan Brown bra altså? Slukte dei tre første, men den forrige kom eg bare halvvegs i.. Den fenga ikkje. Men spørs om eg må prøve meg på Inferno ja! Er Beautiful Creatures også bøker?? Wow, spørs om eg skal lese den før eg ser filmen då! Nesten alle filma eg ser finne eg ut i ettertid er basert på bøker….

  2. Beate

    juni 10, 2013 at 14:39

    Takk for tips! 🙂
    Må teste ut den serien.

    • Ag

      juni 10, 2013 at 20:04

      Bare hyggelig! Håpar du får like stor glede av dei som eg har fått 🙂

  3. Pia

    juni 10, 2013 at 18:59

    Har akkurat lest ferdig Marco-effekten. Elsker denne serien….sikkelig spennende slik som Harry Hole bøkene til Jo Nesbø.

    • Ag

      juni 10, 2013 at 20:06

      Åh, gleda meg til Marco-effekten.. Er den like bra som dei andre? Eg har jo lagt min elsk på Carl Mørck og Assad då, skikkelig knallpar 😉 Har lest dei to første bøkene i Harry Hole-serien, sambuaren min har alle, er begynt på nr. 3, Rødstrupe no, men går litt treigt. Tek seg vel opp utover.

  4. Pingback: SOMMERBOKA: ”Kvinnen i buret” av Jussi Adler-Olsen - iknowthatmagazine.com

  5. Pingback: ET ÅPENT BREV OM 2013 - iknowthatmagazine.com

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.