iknowthatmagazine.com

Organiseringsorgasme

Åååååh… Seriøst, eg får mental serieorgasme når eg tenkjer på det nye huset vi snart skal byggje. Åh, det skal vere so velorganisert og ryddig og reint og fint at du anar det berre ikkje. Med andre ord; det motsette av sånn eg har det her vi bur no.

Riktig nok i eit heilt hus og massevis av plass. Men du veit, eldre hus = dårlege planløysingar og sjølv om det meste er nyoppussa so snakkar vi likevel ikkje om smarte Ikealøysingar med utdragbare ditt og datt, og skuffeseksjonert baderomsinnredning.

No kan det sjølvsagt vere at det er meg det er noko lettare gale med som ikkje klarar å halde alt i orden.

Eg snakkar ikkje om rydding på generelt grunnlag, men å ha alle eigendelane dine (also, folkens.. skulle eg ha skrive 100% nynorsk, noko eg eigentleg er heilt for, hadde det blitt eignelutar. Der går jaggu meg grensa, sjølv for ei som er fostra opp under eit par timar med bilkøyring frå sjølvaste Ivar Aasen-tunet) organisert og på plass so du slepp å bruke halve livet ditt på å leite etter ting du treng nuh!

 (adlinks)

Tenk so mykje enklare morgonrutina hadde gått dersom det var enkelt å berre svissje ut ei skuffe med sjukt god inndeling sånn at du hadde ein seksjon til rens, kremar, q-tips, pads, og sminka.

Og sminka måtte då sjølvsagt igjen vore inndelt i foundation, concealer og highlighter, kajalar, maskara, augeskuggar, leppefarge, og kostar. Og kostar igjen; hud, auge, syntetiske og naturhår, og tilbehør som vippetang og blyantspissar osv.

Og so ei eiga seksjon for bind og tampongar, hårprodukt, hårfjerningsstyr, elektriske apparat (skal tross alt få ei orgasme ut av heile denne organiseringa), neglelakkar (her inndelt også etter alle kunstens reglar). Eg innser jo no at vi må ha eit gigantisk bad med ditto baderomsinnredning.

 (adlinks)

 

Og vi kan fortsetje på kjøkenet. Kjøkenskapa, kjøleskapet, frysaren (!), i walk-in-closetet (ja, det har eg grene meg til) med so organisert opplegg at du kan bli svimmel!

Eg skal ha (tenkjer eg iallefall pr. dags dato) ei skuffe for sokkar, her inndelt i; vanlege bomullsokkar, low-cut sokkar, tynne ullsokkar, tjukke ullsokkar og nylonsokkar. Truser må delast inn i kvite truser, svarte truser, sexy truser og mensentruser.

And so it goes, on and on and on. Eg merkar faktisk at eg får lettare hjertebank berre av å tenkje på dette. Ikkje av stress, å neidå du – eg kjenner berre kor endorfinane strøymer ut i alle lemmar av kroppen og gjer meg euforisk og yr!

 (adlinks)

Eg trur at min visjon om mitt overvelorganiserte hus vil gå i oppfylling. Og eg gledar meg til det. Eg trur eg må vinne i Lotto (kanskje starte med å tippe?) for å sleppe å gå i jobb, so eg kan gå rundt i huset mitt og kike på kor velorganisert det er. Når tid ellers skal eg få nyte det? Joda, når eg ser kor raskt det går å finne det eg leitar etter, men eg kan godt vinne i Lotto likevel.

Ei overveldande kjensle erstatta nettopp mine frie og lukkelege endorfinar… Eg treng ikkje berre eit stort hus. Eg må jaggu meg lage meg eit gedigent kartotek!! Og, kor skal eg oppbevare det, tru?

 (adlinks)

TENNER DU OGSÅ PÅ VELORGANISERTE EIGNELUTAR? FORTELL GJERNE OM KVA SYSTEM SOM FUNKAR FOR DEG OG OM DU HAR EIT ELLER SJU GENIALE TIPS Å DELE.

 

Comments

comments

10 Comments

  1. Lin

    juni 3, 2013 at 17:59

    Eg ble faktisk litt lesbisk her eg sitter.Elsker deg!!!!! OMGAWD eg vil og ha et sånt hus,men hadde jo neppe kommet på halvparten-selvom eg heeeelt klart hadde trengt minst alt det du nevner og kanskje litt til. Eg må jo ha KONTOR må vte

    • Anne-Grete Kvernevik

      juni 3, 2013 at 18:49

      Hihi, det var akkurat dét eg ville oppnå med artikkelen; å omvende Lin 😉

  2. Lin

    juni 3, 2013 at 18:54

    😉

  3. Tove Eggen

    juni 3, 2013 at 21:22

    AG – det er veldig viktig at du kommer til Barcelona i morgen…ehm, vi må ha et møte skjønner du…ehm…jeg kan ikke love at du ikke får hetta og stormrydder og organiserer leiligheten – og jeg er forberedt på å takle det i så fall…all for the greater cause…haha, LOVE THIS! Klemmer fra Tove

    • Anne-Grete Kvernevik

      juni 3, 2013 at 21:31

      Ok, hive meg på første og beste fly frå grisgrendte Nordfjord til Barca. Lett som bare det!

  4. Anine

    juni 3, 2013 at 21:24

    Hadde vært herlig med et slikt system! Jeg har ikke noe system what so ever nå.. Når man bor i (leier) en liten hybel (ja, sånn er studentlivet), blir alt veldig enkelt og rotete. Men når jeg får nok penger og kjøper meg mitt eget hjem, skal jeg organisere og fikse og ordne slik jeg ønsker, med smarte løsninger og ikke minst ha det ryddig og pent – akkurat slik du vil ha det!! 😉

    • Anne-Grete Kvernevik

      juni 3, 2013 at 21:32

      I hear you, sistah!

  5. Tone

    juni 4, 2013 at 01:29

    Fantastisk! Trodde det bare var jeg som drømmer om skuffer på badet; det er jo ikke jeg som er uorganisert, det er det teite skapet!!

  6. anette

    juni 4, 2013 at 18:36

    Haha!! Digge det, eg elskar å organisere! Og eg sit å organisere om og om igjen tinga mine og finne betre løysingar. Har sjølv nett kjøpt leilighet som eg ventar på skal bli ferdig, der blir det oppbevaring og organisering på høgt nivå! Tenke kvar dag på korleis eg skal gjere det best mulig 😉 weeeeh.. !!!

  7. Pia

    juni 5, 2013 at 06:25

    åhhh, akkurat den følelsen satt jeg med for litt over 4 år siden. Kjempedeiligt følelse med nytt hus og organiseringsdilla. Har forsåvidt noen tips her: http://piasryddigehjorne.blogg.no/. IKEA har mye organiseringsgøy til bad. 🙂

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.